Om A og J Bjordal AS
A og J Bjordal AS har fire tilsette. Til saman har vi over 40 års erfaring innan bransjen.
- 1969Jan Arild byrjar som sjåfør i grustaket til far sin, Trygve
- 1973Første eigne maskin, ein ny Volvo 1240 hjullastar
- 1984Bjordal Grus og Maskin startar med mobilt knuse- og sorteringsverk
- 1992–94Det største oppdraget: ny E39 Langeland–Skilbreid
- 1994BGM går over til stasjonert pukkverk i Bjordal
- 1996Atle byrjar å arbeide i pukkverket
- 2006A og J Bjordal AS vert stifta
A og J Bjordal AS har fire tilsette. Til saman har vi over 40 års erfaring innan bransjen. Jan Arild byrja som sjåfør på Volvo baklastar i grustaket til sin far Trygve i 1969-70. Trygve var på den tida gardbrukar og dreiv eige grustak. I 1973 kjøpte Jan Arild sin første maskin; ein ny Volvo 1240 hjullastar. Med den tok han oppdrag for Statens vegvesen. I byrjinga av 80-talet vart Bjordal Grus og Maskin stifta. Eit familieeigd selskap av Trygve, Jan Arild og Helge Bjordal.
Bjordal Grus og Maskin (BGM) starta i 1984 med mobilt knuse- og sorteringsverk. Med dette utstyret i tillegg til ein moderne maskinpark vart det utført arbeid med damanlegg Nyset-Stedje-vassdraget i Årdalsfjella, utbetring av løypetrasè i Hemsedal skianlegg, utbygging ny løypetrasè i Grønndal i Hemsedal, knusing for Statens vegvesen på Vøringsfossen, utbygging av oljeterminalen på Kolsnes, og det største oppdraget til BGM: Utbetring av ny E39 Langeland-Skilbreid 1992-94. På den tida hadde BGM 18 faste tilsette.
I 1994 avslutta BGM si entreprenørverksemd og gjekk over til stasjonert pukkverk med maskinar og utstyr i grustaket i Bjordal. Jan Arild heldt fram som entreprenør. Atle er son til Jan Arild og byrja å arbeide i pukkverket i Bjordal i 1996. I 2006 vart A og J Bjordal AS stifta.
Kva gjer vi?
Vi utfører små og store oppdrag; alt frå transport av hagesingel for private, til bygging av større vasskraftverk. Vi er godkjente for ansvarsrett klasse 2.
Sjå kva me kan hjelpe deg med
Har du spørsmål kring nokre av tenestene våre?
Send oss ei melding – eller ring oss for ein hyggeleg prat.
Vi kjem gjerne på ei uforpliktande synfaring!
- Telefon
- 975 71 914
- E-post
- atle.bjordal@enivest.net
- Adresse
- Bjordalsvegen 34, 5962 Bjordal